Inspirasjon

Bygd for å vare: Badstue og gapahuk på kysthytta ute mot havet

Publisert 5. november 2026 • Sist endret 2 dager siden

Rongevær kysthytte ligg på ei veglaus øy i Austrheim. No kan gjestane varme seg i badstue, sitje i le for vinden og ta seg ein dukkert frå nye kaiar. Slik held DNT kystkulturen i live.

Bilde i fugleperspektiv over bryggeanlegg, båter, båthus og hus/hytte.
Ute mot havet i Austrheim kommune, nokre hundre meter frå land, ligg Rongevær kysthytte på Nordra Kjerringa. Det finst ingen veg dit. Gjestane parkerer ved småbåthamna på Baløy og tek båt over sundet, ei overfart på om lag 300 meter. Båtane var det første Bergen og Hordaland Turlag (BHT) fekk på plass då dei bygde ut anlegget.
Anlegget opna i juni 2022, og i 2023 hadde hytta rundt 3800 overnattingar. Då var det tydeleg at uteområdet trong ei oppgradering.
– Dette er BHT si første kysthytte og opnar for heilt nye aktivitetar, til dømes fiske, roing med tradisjonsbåt (oselvar), fridykking, kurs og samlingar med mat frå sjøen, seier ein stolt Per Arne Aadland i Bergen og Hordaland Turlag.
Dame som går på brygge som pusses opp
Kaiarbeid

Kaiar som var i ferd med å gje etter

Kaiane er hjartet i anlegget. Alt som kjem til Rongevær, både folk og utstyr, kjem inn over dei. Då turlaget søkte XL-BYGG om støtte i februar 2024, var treverket i kaifrontane rote og attgrodd.
– Dei gamle trappene var i ferd med å ramle ned, og fundamenta under kaiane måtte utbetrast fordi dei var i dårleg stand, seier Aadland.
Dei nye kaiane har fått ei avtrapping ned mot vatnet.
– Dette fungerer òg som sitjebenkar og gjer det enklare å bade, seier han.
Begge bryggjene har dessutan fått nye badestigar.

Badstue som forlengjer badesesongen

Sjøen så langt ute mot havet vert fort kald. Den største nyvinninga er difor ei vedfyrt badstue med store panoramavindauge rett mot sundet. Her kan gjestane varme seg mellom leik og bading i sjøen.
– Badstua er eit nytt tilbod som i seg sjølv er ein attraksjon. I tillegg forlengjer ho badesesongen, seier Aadland.
Turlaget reknar med at badstua trekkjer folk til Rongevær òg i vinterhalvåret, som elles er lågsesong.
Bilde av brygge som pusses opp
Nye gelender og trapp i tre gjer tilkomsten trygg.

Gapahuk for all slags vêr

Det tredje store tiltaket er ein ny gapahuk, bygd som eit grindbygg i tre. Han ligg i tilknyting til utebua, med utsikt mot skuleplassen.
– Den nye gapahuken gjer det lettare å opphalde seg ute i all slags vêr. Han gjev ly for regnet og le for vinden, seier Aadland.
Bilde av grindbygg
Grindbygg

Med respekt for kystkulturen

Rongevær ligg i eit område med sterk kystkultur, som turlaget er opptekne av å halde ved like.
– Generelt er det på Rongevær lagt vekt på å ta vare på skulehuset og byggje vidare på den historiske kystkulturen. Det gjer vi mellom anna gjennom aktivitetar knytte til hav og kyst, seier Aadland.
Turlaget prioriterer barn og unge gjennom Barnas Turlag, DNT Ung, friluftslivsskular i feriane og tilbod til skuleklassar. Uteområdet er ope for alle heile året.

Materialar til ei øy utan veg

Å byggje på ei øy utan vegtilkomst stiller eigne krav. Både materialar og folk måtte fraktast over sundet med båt, og kaiarbeidet kravde i tillegg båt for å kome til frå sjøen.
– Hovudtyngda av arbeidet vart utført av ein innleigd entreprenør. Nordhordland Turlag har tilsyn med anlegget og tek seg av mindre vedlikehaldsoppgåver. Dei ventar å leggje ned om lag 1000 dugnadstimar i året på drifta, seier Aadland.
Bilde av Rongevær kysthytte sett fra fugleperspektiv i mørket
Bilde av dame på brygge som renser tang fra havet
Bilde av mann som holder opp to krabber og smiler til kameraet
Bilde av Rongevær kysthytte sett fra vannet
Bilde av to gutter som holder opp skjell

Slik restaurerer vi hyttene sammen