Inspirasjon

Slik fekk familien på Voss oppfylt husdraumen

Publisert 18. desember 2025 • Sist endret 19. des. 2025

Med små born og ein travel kvardag visste Henrik og Ingeborg at dei ikkje kunne byggja hus åleine. Med lokal hjelp og tett oppfølging fekk familien på Voss realisert husdraumen utan unødig stress.

To personer som smiler mot hverandre i en sofa i nytt hus.
Å byggja sitt første hus kan vera både spanande og overveldande. Henrik Staff og Ingeborg Gjerde Staff er i tillegg småbarnsforeldre med fulle arbeidsdagar – då vart det heilt avgjerande å få profesjonell bistand då dei skulle byggja hus.
– Me har ikkje bygd hus før, så me starta heilt frå scratch. Me hadde verken erfaring, kunnskap eller kapasitet til å styra eit slikt prosjekt sjølve, fortel Henrik.
Familien bestemte seg for å byggja heilt nytt hus då dei fekk skilt ut tomt frå garden Henrik vaks opp på. Med to små born og faste jobbar valde dei å søke etter hjelp til heile prosjektet.
Moderne hus med trekledning og store vindusflater.
Henrik og Ingeborg fekk teikna huset hjå ein arkitekt. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/XL-BYGG

Valde lokal kompetanse

Paret utforma huset saman med ein arkitekt og hadde ei klar førestilling om stil og materialval. Då arkitektteikningane var klare, sende dei førespurnader til fleire aktørar. Valet fall til slutt på XL-BYGG Tverberg, som har lokal kunnskap og brei erfaring med byggjeprosjekt på Voss.
– Dei var lokale, profesjonelle og dei einaste som inviterte oss inn til ein personleg prat. Det betydde mykje å møta dei som faktisk skulle jobba saman med oss, seier Ingeborg.
XL-BYGG Tverberg tok ansvar for heile prosjektet – frå material- og leverandørval til bygging, prosjektleiing og logistikk. Lokale fagfolk losa familien trygt gjennom lover og regelverk ein må forhalda seg til, som krav til universell utforming i ein generasjonsbustad, der alle rom må vera tilgjengelege for alle livsfasar, og alt det inneber. Dette er vanskeleg å halda oversikt over sjølv.
– Berre byggjesøknaden var omfattande, rundt 40 sider. Det er mange godkjenningar i ein slik prosess, og det blir mykje papirarbeid. At XL-BYGG tok hand om det administrative, gjorde prosessen mykje enklare for oss, fortel Henrik.
– Me hadde mange spørsmål, men det var alltid rom for å spørja, og me kjende oss trygge på at nokon hadde kontroll, seier Ingeborg.
XL-BYGG-ansatt i verktøyavdeligen i byggevarehuset.
Gjermund Seim jobbar som proffseljar hos XL-BYGG Tverberg og hjelpte Henrik og Ingeborg undervegs. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/XL-BYGG

Fann løysingar saman

Gjermund Seim er ansvarleg for Klappet & Klart hjå XL-BYGG Tverberg. Han fortel at Henrik og Ingeborg var positive kundar som det var lett å kommunisera med.
Saman gjekk dei gjennom materialynskja til paret og fann dei beste løysingane ut frå behov og moglegheiter.
– Dette var eit arkitektteikna hus, og då er det ofte ikkje like rett fram som med eit kataloghus. Me har saman tilpassa løysingane etter ynskja og teikningane deira, forklarar Gjermund.

Få det Klappet & Klart

Drøymer du om å byggja hus eller hytte, eller treng du hjelp til eit mindre prosjekt?
XL-BYGG Tverberg hjelper deg med alt frå planlegging og prosjektering til materialar og handverkarar for å få jobben gjort. Med lokale fagfolk er du sikra gode råd og kyndig rettleiing gjennom heile byggjeprosessen.
– Når du tek kontakt med oss, bookar me eit møte og ei synfaring heime hjå deg. I etterkant får du eit tilbod med teikningar og prisoverslag, slik at du enkelt kan takka ja eller nei. Hjå nokre kundar gjer me heile jobben, medan andre ønskjer å gjera delar sjølve. Det er me fleksible på, fortel Gjermund.

Gode råd og ryddige prosessar

– Me vart overraska over kor mange val me måtte ta undervegs. Til dømes kor mange vindaugstypar det er å velje mellom. Her fekk me god rettleiing. Dei gjorde oss òg merksame på ting me ikkje hadde tenkt på, som at mangel på takutstikk påverkar kva veg vindauga bør svinga. Det hadde vore fort å gløyme utan profesjonell hjelp, fortel Henrik.
Val av kledning vart òg justert etter råd frå XL-BYGG, som kom med anbefalingar baserte på vêrforholda på Voss og elles på Vestlandet.
Paret fekk òg god rettleiing i val av dører.
– Eg er to meter høg, så det var viktig for meg med høgare dører enn standard. Me ynskte i utgangspunktet 2,20 meter, men XL-BYGG forklarte at prisforskjellen frå 2,10 til 2,20 er størst, medan det er same pris frå 2,20 og oppøve. Me enda på 2,30 meter høge dører, og det er me veldig nøgde med.

Fleksibilitet og forståing i ein hektisk kvardag

Åpen kjøkkenløsning med mørk eikekjøkken og spiseplass med spisebord i mørk eik og stoler med teddy-stoff.
Paret har vore inspirerte av «japandi», men enda med ein miks av det dei likar, som har utvikla seg til deira eigen stil. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/XL-BYGG
Paret hadde ikkje bestemt seg heilt for stil innvendig, men dei hadde fargepreferansar og fekk gode råd om fargar i samspel med lysforholda. XL-BYGG Tverberg samarbeider med den lokale interiørkonsulent Camilla Bergflødt og tilbyr éin time gratis rettleiing i butikken. Paret kjøpte òg nokre ekstra timar.
– Me gjekk gjennom golv- og baderomsløysingar og fekk god hjelp til val av fliser, fargar og dusjdører med Camilla og dei andre tilsette i butikken. I butikken kunne me sjå mange ulike materialtypar, og dei bestilte òg vareprøver dersom noko ikkje var utstilt.
Baderom med baderomsmøbler i mørk eik, rundt speil og stol med rosa stoff.
Det er ein gjennomgåande stil i heile huset. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/XL-BYGG
Fleksibiliteten undervegs i prosessen var òg viktig. Endringar seint i prosessen vart møtte med forståing – ein fordel ved å samarbeida med lokale aktørar som kjenner både kundane og området.
– Me bestilte til dømes eit toalett ut frå bilete, men vart ikkje nøgde då det var montert. Då ordna dei det utan diskusjon og bytte til eit anna. Veldig god service, seier Ingeborg.
– Me skulle eigentleg ha baderomsplater på badet i første etasje, men rett før snikkaren skulle montera dei, bestemte me oss for fliser i staden. Me har vore ubesluttsame nokre gonger og endra meining i siste liten, men dei har alltid teke det med eit smil, fortel Henrik.
Gjermund hjå XL-BYGG Tverberg seier fleksibilitet er nøkkelen i slike prosjekt.
– Når dialogen er så god som her, strekkjer me oss langt for kunden, seier han.

Eit heim med kvalitet

To personer som sitter i en stue med store vinduer.
– Eg er veldig glad i stova. Ho slepper inn mykje lys, og det er høgt under taket, fortel Ingeborg. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/XL-BYGG
Sjølve byggjeprosessen tok rundt åtte månader. Totalt gjekk det om lag eitt år frå første kontakt til ferdig hus.
I dag har familien fått eit hus som er tilpassa både tomta, lysforholda , deira ynskjer og livsfase.
– Kvaliteten på arbeidet er det me er mest nøgde med. På eittårskontrollen var det nesten ingenting å merka, seier Henrik.
Mann som fyrer i peisen mens en kvinne sitter og leser i sofaen bak.
I stova er det òg ein peis. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/XL-BYGG

Deira råd til andre

Paret meiner bistanden frå fagfolka hjå XL-BYGG Tverberg var avgjerande for å kunna gjennomføra byggjeprosjektet.
– Har du liten tid til overs i ein travel kvardag, med små barn og full jobb, er det godt å vita at fagfolk tek ansvar for prosessen. Då kan du fokusera på kvardagen, medan huset blir til, seier Ingeborg.
Dei viktigaste råda deira er å planleggja godt, tora å stilla spørsmål, tenkja nøye gjennom vala du tek – og hugsa at det ofte er mogeleg å justera undervegs.

Paret sine beste tips til deg som har eit byggjeprosjekt

  • Tenk godt gjennom vala du tek i forkant
  • Planlegg godt og undersøk kva løysingar som finstIkkje ver redd for å stilla spørsmål – spør heller ein gong for mykje enn å angra i ettertid
  • Det går an å gjera endringar undervegs. Sei frå på ein god måte – det verste du kan få, er eit nei