Inspirasjon
Slik fekk dei nytt kjøkken med millimeterpresisjon
Publisert 18. desember 2025 • Sist endret 22. des. 2025
Å byta kjøkken er eit stort prosjekt. Tove og Hans hadde tenkt på det i fleire år og fekk hjelp frå XL-BYGG Tverberg då dei skulle setja inn nytt kjøkken.

– Me har tenkt på å pussa opp i fleire år, men det er ein liten kneik å koma over. Det er jo eit stort prosjekt, seier Tove Klyve.
Når du skal byta kjøkken, er det godt å få hjelp av nokon som kan faget. Nokon som kan bistå med val av fargar og overflater, kjenner til kva tilval som finst for å få eit mest mogleg optimal løysing, og som har kontroll på mål og teikningar. På kjøkkenet er det ofte berre snakk om millimeterar før noko plutseleg ikkje passar.
Då Tove Klyve og Hans Smith Sunde skulle setja inn nytt kjøkken, tok dei kontakt med XL-BYGG Tverberg på Voss. Her jobbar kjøkkendesigner Grete Bryn Kvist, som dagleg hjelper kundar med å planleggja draumekjøkkenet sitt og finna løysingar ein kanskje ikkje har tenkt på sjølv – eller visste var moglege.

Difor valde dei XL-BYGG Tverberg
Det gamle kjøkkenet fungerte som det skulle, men tida var inne for noko nytt. Paret valde å nytta høvet då dei likevel skulle pussa opp nokre andre rom i huset.
– Tove og Hans ynskte ei totalrenovering av kjøkkenet, med ei heilt anna løysing enn den dei hadde frå før. Det er noko av det eg synest er kjekkast å hjelpa med – å få lov til å føreslå ei heilt ny løysing, fortel Grete.
– Kjøkkenet var gamalt, så når me først skulle ta det, tok me alt. Kjøkken, vegger og golv, legg Tove til.

Når ein set inn nytt kjøkken, kan sjølv små avvik skapa store problem – både når det gjeld kommunikasjon, mål og montering. Tove og Hans undersøkte fleire leverandørar, men det var først då dei kom i kontakt med kjøkkendesigner Grete at det klaffa.
– Dersom den som hjelper deg i prosjektet ikkje forstår ønskja og behova dine, får du heller ikkje sluttresultatet slik du har sett det føre deg, seier Tove og Hans.
For paret var det viktig å finna ein person som var på ballen heile tida, slik at prosessen gjekk framover og dei slapp å venta.
– Viss du plutseleg ikkje får svar, og det har gått 14 dagar, så mistar du ballen. Der var XL-BYGG veldig flinke til å koma raskt tilbake til oss, rosar Tove.

Få hjelp til å sjå moglegheitene
– Tove og Hans var medvitne kundar som var tydelege på eigne ønskjer og visste kva dei ville ha i rommet. Eg hjelpte dei med å få desse ønskja på plass og sørgde for dei siste detaljane, forklarar Grete.
Ho fortel at det viktigaste når ein skal setja inn nytt kjøkken, er å tenkja gjennom eigne behov og kor mange ein er i familien, for å få god funksjon og flyt.
Mange har aldri kjøpt kjøkken før, medan for andre kan det vera 30 år sidan sist. Hjå ein kjøkkenkonsulent kan du få hjelp til å sjå moglegheitene i rommet – til dømes om det er rom for å tenkja nytt fordi ein enkelt kan flytta vatn og ventilasjon, eller om det er forhold ein må ta omsyn til i teikningane.
– Mange planlegg kjøkken i 60- og 80-modular, men me kan levera skuffer og skap frå 15 til 90 centimeter i breidde, med moglegheit for spesialløysingar. Slik kan kjøkkenet tilpassast akkurat rommet ditt, forklarar Grete.


– Me skjøna ganske fort då me byrja å snakka med Grete at dette er eit menneske som er svært nøye med detaljane, og det var viktig for oss. Ho forstod oss og kvifor me var pirkete, var tydeleg, stilte spørsmål og undersøkte for oss. Ho kommuniserte svært godt og leverte verkeleg, understrekar Tove.
– Ho var òg innom for å dobbeltsjekka måla før me bestilte, legg Hans til.
Funksjon og flyt i kjøkkenet
Paret hadde tidlegare eit kvitt kjøkken med kvit benkeplate, men ynskte eit meir moderne uttrykk. Valet fall på Bistro kvit frå Drømmekjøkkenet og ei kvit benkeplate i Silestone-kompositt. Saman med Grete diskuterte Tove og Hans fleire løysingar og plasseringar undervegs i prosessen. Dei ynskte meir benkeplass og å flytta platetoppen.
– Me diskuterte mellom anna kvar den skulle stå i forhold til vindauget, og kva som var mest formålstenleg. Det fekk me til på ein god måte, sjølv med to komfyrar, fortel Tove.

Utfordring med benkeplata
Den største utfordringa i prosjektet var benkeplata. Tove og Hans ynskte i utgangspunktet ei heil plate utan skjøytar, men kjøkkenet vart for langt til at det lét seg gjera.
– Plata måtte delast på to stadar. Her fekk me god hjelp til korleis delinga kunne gjerast flottast mogleg og kva som var mest formålstenleg. Deretter tok Grete alternativa vidare med fabrikken for å finna den beste løysinga, fortel Tove.
Hans trekkjer òg fram montøren som monterte kjøkkenet.
– Han var utruleg nøyaktig. Då kjøkkenet fyrst vart levert, gjekk det slag i slag, og alt var på plass på kort tid.

Det nye kjøkkenet består av ein vegg med høgskap, 4,8 meter med benkeplate og skuffer, eit lite fryseskap og to komfyrar plasserte ved sida av kvarandre – ikkje oppå, slik mange vel.
Avtrekksvifta er frå Røroshetta, og alle kvitevarer er frå Siemens, med unntak av oppvaskmaskina som er frå AEG. Koketoppen dei hadde frå før, var heilt ny og er òg frå AEG.
– Det er ingenting me tenkjer me ville gjort annleis. Me er svært nøgde med benkeplata me valde, avsluttar Tove og Hans.